VossVind 10 år!

Gratulera med dagen til alle våre gjester og tilsette!🥳🤩 VossVind er 10 år i dag, 28.04.2022. Tenk, 10 år sidan me opna dørene til noko heilt nytt og spanande, og så på Voss!I løpet av desse 10 åra har me skapa utruleg mange god minner og opplevingar – for over 100.000 stk. Me vil takka kvar og ein av dykk som har gått nervøs gjennom døra og kjent på meistring etter å ha flydd for fyrste gong – deg som vel å prøva det fleire gonger, og alle dykk som kjem tilbake støtt og stadig for å læra meir og meir inni vindtunnelen. Me set utruleg stor pris på dykk! Det er moro å fly, og det er veldig kjekt for oss som jobbar her og sjå gleda i ansikta til alle saman, føle på den gode stemninga og humøret som gjer at me gler oss til å koma på jobb kvar dag.10 år har gått – og me ser for oss mange mange fleire år framover ilag med dykk! 🤸🌪