Vossakids-flyging frå 21. august

Nora Og Lerke

Me startar opp att med Vossakids-flyging kvar onsdag frå 21. august 2019. Oppmøte kl 17:20 og flyging frå kl 18:00. Vossakids er for born i alderen 5-15 år.

Pris er 350 kr pr born- og du får 3-10 minuttar flyging avhengig av kor mange born som deltek.

Nytt for sesongen er at me sel klyppekort på 5 eller 10 klypp for deg som skal delta på Vossakids jevnleg.

3000 kr for 10 klypp

1625 kr for 5 klypp

Korta er personlege og kan kun brukast på Vossakids-flyging av den personen kortet er utstedt til. Korta gjeld for haust 2019 og vår 2020.

Klyppekorta kan kjøpast i resepsjonen hjå VossVind.

Påmelding til VossVind på telefon 40 10 59 99 eller e-post post@vossvind.no. 

Vel møtt!

Foto: Andreas Mosling