FAQ
OFTE STILTE SPØRSMÅL / FAQ

Kva er aldersgrensa for å fly?

Nedre aldersgrense er 5 år, eldste som har flydd hjå oss er 102 år.

Kva treng ein for å fly?

Det einaste ein treng for å fly er joggesko, eller andre småsko som ein kan knyte godt. Ein får låne dress, hjelm øyreproppar og briller her.

Kven kan ikkje fly i vindtunnel?

Gravide og personer som tidligere har hatt skuldre ute av ledd.

Er det ei vektgrense?

Me har ei grense på ca. 120 kg.

Kan me filme / ta bilete?

Dei som står utanfor kan filme og ta så mange bilete dei berre orkar.
Ein kan dessverre ikkje ta med lause gjenstander inn til flykammeret, då det er fare for at det forsvinn. Me sel film og bilete som ein kan få tilsendt digitalt etter flyginga.

Kan de ta imot store grupper?

Det kan me absolutt! Grupper i alle storleiker er hjarteleg velkomne. Me har ikkje noko begrensningar den eine eller andre vegen. Ta kontakt på tlf og epost.

Kan eg fly når eg har drukke alkohol?

Nei, det kan du ikkje. Ved planlegging av utdrikningslag anbefalar me å starta dagen hjå oss.

Kan me vera med å sjå på at nokon andre flyr?

Ja, det er fullt mogeleg å sjå på at dei andre flyr. Vindtunnelen er laga av glas, så ein ser heile tida dei som flyr.

Kan me fly ilag i vindtunnelen?

Når ein flyr for første gong, så er det ein og ein inne i vindtunnelen, med ein instruktør heile tida. Når ein har flydd nok gonger og er godkjent av instruktør, så kan ein fly saman i tunnelen.

Kva er ein pro flyer?

Alle kan bli pro flyers. I utgangspunktet er det fallskjermhopparar som er pro flyers, men alle som flyr hjå oss kan gå over til pro flyer nivået. Kor lang tid det tek er forskjellig frå person til person, men ca 10-15 min i vindtunnelen. Ein skal komme seg inn og ut av vindtunnelen, fly opp og ned og rundt, og side til side på mage. Det er instruktøren som bestemmer om du har blitt pro flyer. Det kan vera lurt å gå gjennom det med instruktøren i forkant om ein har som mål å bli pro flyer. For meir informasjon om proflyere, sjå her.

Kan eg som student kjøpe gåvekort til studentpris til nokon som ikkje er student?

Nei, det er den som skal fly som skal vera student, og må ha med gyldig studentvis og vise ved fremmøte.