VossVind November Challenge

8. – 9. november 2019 vert det konkurransar i mange ulike greiner i VossVind. Alle som har flydd litt vindtunnel før kan delta, og det er greiner for alle erfaringsnivå. 

Det skal konkurrerast i vanleg – og vertikal formasjonsflyging med 2 eller 4 på laget, friflyging, dynamisk flyging og solo fristil for nybegynnarar og erfarne. 

Sjå Bulletin 1 for informasjon om dei ulike greinene og regelverk. 

For lag som er påmeldt og har betalt påmeldingsavgift har me eit veldig godt tilbod på flytid for lagtrening: 3000 NOK pr time utan coaching. Du finn meir informasjon/retningslinjer for dette i Bulletin 1, samt informasjon om korleis du kan melde deg på konkurransen.