VossVind søker resepsjonistar for sommaren 2022

Våre gjestar fortenar den beste kundeservicen. Me er glade og stolte av å tilby eit spennande og unikt produkt, som varar heilt frå når gjesten ringer oss i forkant, til dei går ut døra etter ein flytur.

Me søkjer deg som:

  • Er serviceinnstilt og glad i å kommunisere med menneske
  • Gjerne har erfaring frå servicebransjen, men ikkje noko krav
  • Snakke og skriv godt både norsk og engelsk
  • Er over 18 år (grunna alkoholsal)
  • Ikkje er redd for å jobba på hektiske dagar der mykje kan skje på ei gong
  • Er smilande og blid, engasjert og strukturert

Som resepsjonist vil du:

  • Jobbe med kundebehandling frå bookingprosessen til å ta imot dei og passe på at dei har det bra i bygget
  • Handtere bookingar via epost og telefon, samt betalingar
  • Ha god kommunikasjon med dei andre tilsette slik at tidskjema går så knirkefritt som mogeleg
  • Passe på at lokalet ser ryddig og innbydane ut

Me tilbyr:

  • Ein spennande arbeidsplass i eit godt, ungt og internasjonalt arbeidsmiljø
  • Kjekke varierte arbeidsoppgåver
  • Fokus på god opplæring i forkant

Me treng fleire resepsjonistar i opp mot 100% stilling, og arbeidstid vil også vera kveldar og helger. Me ynskjer å begynne med opplæring i mai, og så vil det vera full fart frå midten av juni til midten av august. Det vil vera mogelegheit for jobb vidare som ekstra resepsjonist for kveld og helger.

Send søknad og CV til astrid.lemme@vossvind.no innan 20.mars. For spørsmål, ring 991 56 079.

Kundeopplevelse, dame som prøver dress.