Vil du bli ekstra instruktør hjå oss?

VossVind har behov for ekstra instruktørar til ledige vakter primært i helger og feriar, og planlegg derfor å arrangere eit instruktørkurs hausten 2019.

Me utdannar i utgangspunktet instruktørar til “eige bruk” men fylgjer i grove trekk utdanningsprogrammet til tunnelinstructor.com. Etter fullført kurs og praktisk opplæring vil du i vårt system bli utsjekka til Spotter A som innebær at ein kan instruere og fly med fyrstegongsflygande, samt styre vindtunnelen.

Kurset inkluderar teoretisk opplæring om administrative forhold i VossVind, og den praktiske delen gjev deg nødvendig kunnskap om vindtunnelen og opplæring til å kunne fly med fyrstegongsflygande kundar.

Den teoretiske delen av kurset er gratis, men ein må betale for den flytida det tar å bli utsjekka som Spotter A.

Kor lang tid kurset tek- og kor mykje flytid som trengs er personavhengig, er du ein erfaren tunnel-flygar frå før vil det kreve mindre opplæring enn om du er nybegynnar. I snitt reknar me med at det tar 10 flytimar per person.

Me stiller ikkje krav til kunnskap på førehand men er på jakt etter deg som ynskjer og har tid til å være ekstra instruktør hjå oss.

Ta kontakt med oss for meir informasjon og/eller for å vise din interesse for instruktørkurs.

epost trude.sviggum@vossvind.no

tlf 93067767