Vikar som DAGLEG LEIAR?

VossVind Drift AS søkjer vikar for DAGLEG LEIAR frå midten av mai, då Astrid skal ut i mammapermisjon.

VossVind Drift AS driv Noregs fyrste vertikale vindtunnel, lokalisert på Voss. Tunnelen opna i 2012 og har i dag 7 heiltidstilsette samt fleire deltidstilsette. VossVind er eit av mange tilbod som gjer Voss til ein av Norges leiande turistdestinasjoner.

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene:

Vidareutvikling av VossVind gjennom:

  • God dagleg drift
  • Overordna ansvar for sal og marknadsføring av tunellen
  • Dagleg dialog med kundar i alle kategoriar: fyrstegongsflygarar, bedrift, profesjonelle flygarar og lokalmiljøet.
  • Utarbeiding og oppfølging av budsjett og rekneskap
  • Evne til å leia og utvikla organisasjonen

Kvalifikasjonar:

  • Høgare relevant utdanning og leiarerfaring (helst som dagleg leiar)
  • Erfaring og god forståing for rekneskap og budsjett
  • Strukturert og samlande lagbyggjar
  • Kreativ og sjølvgåande
  • Salserfaring- og marknadsføringskunnskap er ein fordel

Me tilbyr:

  • Krevjande og interessante arbeidsoppgåver
  • Eit spanande produkt med store moglegheiter
  • Eit kreativt og internasjonalt ekstremsportmiljø
  • Konkurransemessige vilkår

Ynskjer du å vere med og ta VossVind eit steg vidare?

Treng du meir info kontakt styreleiar Trude Sviggum 930 67 767.

Søknad og CV sendast til tsv@constructa.no innan 17.februar 2022.