Midlertidig stengt

Hei alle saman!

Per no er er me dessverre stengt på ubestemt tid for flyging av førstegongsflygande, og andre som treng instruksjon. Me veit ikkje når me får opne att for dette, men er i kontakt med kommuneoverlegen, og jobbar med å utarbeide tiltak me kan gjera for å kunne opne med dei smitteverntiltaka som må til.

Idrettsaktivitetar der ein ikkje kan vera på 2 på meters avstand og unngå å ta på det same utstyret er pr i dag ikkje lov før 15.juni.

12.mars 2020:
Helsedirektoratet har i dag fatta vedtak – med hjemmel i smittevernloven § 4-1 andre ledd – om midlertidig stenging/kansellering av:
– Kulturarrangementer
– Idrettsarrangementer og organisert idrettsaktivitet både innandørs og utandørs.
– Alle verksemder i serveringsbransjen med unntak av serveringsstadar der det føregår servering av mat, det vil seia kantiner og spisestader som kan leggje til rette for at besøkjande kan halde minst 1 meters avstand.
– Servering av mat skal ikkje skje som buffet. Serveringsbransjen omfattar restaurant, bar, pub og uteliv.
– Treningssentre
– Verksemder som tilbyr frisørtjenester, hudpleie, massasje og kroppspleie, tatovering, hulltaking(piercing) og liknande
– Symjehallar, badeland og liknande

Vedtaket trer i kraft kl 18:00 i dag – og varar i fyrste omgang til 26. mars 2020. Me stenger derfor VossVind i same periode. Alle som har bestilt flytid i gitte periode vil verta kontakta av oss.

OPPDATERING 24.mars:
Me fortset dugnadsånden mot å stoppe spreiinga av viruset. Etter dei nye oppdateringane frå myndigheitene, held VossVind derfor vidare stengt til etter påske (til og med 13.april etter noverande anbefaling). Me vil kontakte alle som har bookingar i denne komande perioden. Draum deg vekk no, fly seinare.

OPPDATERING 8.april:
Per no er det veldig usikkert når me får opne igjen. Me jobbar med løysingar for å opne forsiktig att med dei smitteverntiltaka som må til, og vil halde dykk oppdatert så snart me veit noko. Akkurat no er me stengt på ubestemt tid.