Pro-flyer
ER DU FALLSKJERMHOPPAR ELLER HAR FLYDD NOK TIL OG HANDTERE DEG SJØLV I TUNNELEN UTAN INSTRUKTØR, DÅ KAN DU BESTILLE TID HJÅ OSS SOM PRO FLYER

Som Pro Flyer, må du bestilla tid direkte hjå VossVind på tlf 40 10 59 99 eller på epost post@vossvind.no. Me har fleire dyktige coacher du kan lære av.
Peak tid er laurdag mellom kl. 12.00 – 18.00 og sundag mellom kl. 12.00 – 16.00.
I peak tid er det ope for maks 1 time pro fly tid totalt.

Er du aleine om å bestille tid, anbefalar me at du tek kontakt med oss direkte på mail.
Då kan me prøve å finne ei flytid for deg i eit tidsrom der me kan hjelpe med rullering.

Me gler oss til å fly med deg!

Proflyer offseason offer 2021/2022

Vilkår:

Fly 10 timar til full pris (off peak, 4200 kr, og / eller on peak, 4600 kr*), og få den 11.timen gratis.
Du betalar kvar gong du flyr = ingen høge forskotsbetalingar.

Avtalen er gyldig mellom 01.09.2021 og 30.04.2022, og alle 11 timar må vera flydd i dette tidsrommet.

Tida er personleg og kan ikkje delast med andre.
Avtalen gjeld for enkeltpersonar eller faste lag inntil fire personar.

Ikkje gyldig i skuleferiane eller raude dagar (om du flyr på desse dagane vil ikkje dei verta rekna med som ein del avtalen).
Laurdag: Ingen proflyer-tid mellom 12:00-18:00

Sundag: Inger proflyer-tid mellom 12:00-16:00

La resepsjonen vite at du ynskjer denne avtalen, slik at me kan starta å logga flytida di frå byrjinga av. Kvar gong du bookar må du sei at du har denne avtalen.
Om du flyr på camp, gje beskjed til både coachen din, samt resepsjonen, at du har denne avtalen.

Avtalen kan ikkje kombinerast med andre avtalar.

Denne avtalen kan brukast fleire gonger – dvs at for kvar gong du har flydd 10 timar til fullpris i denne perioden innafor rammene, så får du den 11.timen gratis.

*off peak: tysdag – fredag klokka 16:00
on peak: Fredag frå klokka 16:00, heile laurdag og sundag

CAMPAR

JAMNLEG HELD NOKRE AV VERDAS BESTE OG MEST ERFARNE INTRUKTØRAR OG TUNNELFLYGARAR CAMPAR. HER ER DET MOGLEG FOR BÅDE LAG OG INDIVIDUELLE FLYGARAR.

Coachane tek imot alle nivå. Om du aldri har flydd i tunnel før, eller har mykje erfaring – du vil bli tatt hand om og få instruksjon i forhold til ditt nivå og i ditt tempo. Kontakt VossVind på e-post post@vossvind.no eller tlf 40 10 59 99 slik at me kan finna riktig coach for deg eller laget dykkar.

Ynskjer du å organisera din eigen camp hjå VossVind, kontakt Astrid Lemme på astrid.lemme@vossvind.no

PRISAR
Pro Flyer off
mån - fre før 16:00
350
/frå
Flytid
5 min = 350,-/*500,-
10 min = 700,-/ *1000,-
15 min = 1050,-/ *1500,-
30 min = 2100,-/ *3000,-
60 min = 4200,-/ *6000,-
*inkludert instruktør
Pro Flyer peak
fredag etter 16:00 - sundag
383
/frå
Flytid
5 min = 383,-/ *533,-
10 min = 767,-/ *1067,-
15 min = 1150,-/ *1600,-
30 min = 2300,-/ *3200,-
60 min = 4600,-/ *6400,-
*inkludert instruktør

Kansellering av bookingar:

4 veker før: full kansellering mulig
2 veker før : maks halvparten av totalt antall timer booket.
1 veke før, frem til 24 timar før: små justeringar.

Velkomen skal dykk vera!

Kalender
No Events are found.
Proflyer nyhende