Voss Kroppsfykarlag arrangerar Noregsmeisterskap i formasjonsflyging i VossVind 6. – 7. mars 2020.
Konkurransen vert gjennomført i regi av Norges Luftsportforbund (NLF) og er underlagt Antidoping Norge (ADN) sitt regelverk.
Reglane som vert brukt under NM er dei gjeldande konkurransereglane til fallskjermseksjonen i Norges Luftsportforbund, sjå www.nlf.no (fallskjerm).
Det vert konkurrert i klassane FS 4 intermediate, FS 4 og VFS.
Kategoriar:
FS 4 open klasse AAA
FS 4 intermediate A
VFS
Konkurransedatoar:
Fredag 6. mars og laurdag 7. mars 2020. Konkurransen startar kl 1600 fredag 6. mars og er ferdig seinest kl 1700 laurdag 7. mars.
Kvalifikasjonar:
• Berre medlemar av organisasjonar tilknytta Norges Luftsportforbund/Norges Idrettsforbund kan oppnå plassering i Norges- og landsdelsmeisterskap.
• Utøvarar som ikkje er norske statsborgarar må ha vore busatt i Norge i minimum 3 år for å kunne oppnå plassering i Norges- og landsdelsmesterskap (jf. NLF regler).
• Lag må vera samansatt av medlem frå same klubb uansett øving.
• Ein enkelt utøvar kan konkurrere for to eller fleire klubbar i NM, dog ikkje i same grein. For å kunne representera ein klubb må utøvaren vera medlem i klubben dei/laget konkurrerar for
• Alle deltakarar må ha erfaring frå tunnellflyging.
Påmelding:
Påmelding innan 15. februar 2020 via e-post til astrid.lemme@vossvind.no eller trude.sviggum@vossvind.no.
Påmeldingsavgift:
• Påmeldingsavgift er 750 norske kroner pr deltaker (totalt 3000 norske kroner pr lag).