Me opnar så smått for proflygere!

Det er med stor glede me annonserar at me opnar så smått det er for proflygere som har eige utstyr og som ikkje treng instruksjon neste veke 😀

(We are opening up with reduced hours for pro flyers who has their own equipment and do not need coaching, next week. Please contact us for more information in english.)

I fylgje nye vedtak, kan me som innandørs idrettsaktivitet så lenge me har smitteverntiltaka som trengs på plass, opne for 20 personar i bygget med 1 meters avstand, og som ikkje tek på dei same tinga. Me har derfor funne ut og fått klarsignal på at me kan opne med desse tiltaka:

  • Flygaren må ha eige utstyr (heilhjelm, dress, sko etc).
  • 1 stk (fleire om dei er i same husstand) kan rullere på same halvtime, med 1 person (evt fleire frå same husstand) inni tunnelen om gonga (med spotter).
  • Mellom kvar session vil det vera 15 min pause der me får skifta ut luft i vindtunnelen. Me vil vaska ned overflater som folk tek på i denne pausen også.
  • Ein må ha skifta til utstyret før ein kjem her, då garderobar er stengt. 
  • Alle må bruke antibac plassert ved inngangen når de kjem. Det vil stå antibac rundt om på bygget også, og det vil bli mulighet for å vaske seg på hendene.
  • Det vil ikkje bli servert kaffe / te, eller solgt kioskvarer.
  • Me vil ta bort alt av bord / stolar etc, slik at ein i denne omgang. dessverre ikkje får henge på bygget anna enn i perioden ein skal fly.
  • Er du sjuk, hald deg heime, avbestilling for slike grunnar er heilt i orden.
  • Betaling skjer med kort.
  • Når ein skal rullere inne i tunnelen, må den som skal inn i tunnelen stå på benken ved inngangen, der er det 1 meter passering til døra, og 1 meter passering til spotteren.
  • Ut og inn av sjølve antichamberet vil skje gjennom nødutgang, og spotteren skal opne denne døra.
  • Spotteren vil ha på armband for å filme, og scannar for dykk når skal de fly.
  • Filmen då de akkurat har flydd vil rullere på skjermen inni antichamberet, ikkje ta på skjermen.
  • Pro flyer-rommet og møteromma vil vera stengt, og det vil ikkje vera mogeleg å debrife hjå VossVind.
  • Hald deg til klokkesletta du får oppgitt som perioden du kan halde deg i bygget. Dette vil alle som bookar får direkte og konkret info om.

Neste opningsdag er tysdag og torsdag ettermiddag / kveld, og laurdag 12:00-16:00 alt etter pågang med booking.

Me veit at mange ynskjer å fly (og me gler oss så mykje til å ta imot dykk att), så pr no seier me maks 30 min booking pr kunde pr veke, samt minimum 15 min per booking. For at me skal ha kontroll på kven som bookar først, send oss ein e-post med ynskja booking til astrid.lemme@vossvind.no 

Ellers gler me oss stort til når me kan ta i mot alle som vil fly for fyrste gong også! 

Hurra for opning! 😀

Proflyger i vindtunnelen.