Me opnar igjen! Informasjon til førstegongsflygarar

Det er veldig kjekt å kunne dele at me opnar opp att, og me gler oss til å fly med dykk! 🙂

Opningstider:
Laurdag 14. juni: 12:00-18:00
Frå 15. juni: Ope alle dagar 11:00-19:00

Me tek smittevern på alvor, og her er nokon av tiltaka me har når me opnar opp att:

  • Om du ikkje føler deg frisk, gje oss ein lyd og hald deg heime (me er ikkje strenge på avbestillingsreglar i desse dagar).
  • Bruk antibac / vask hendene når du kjem og forlet bygget, og ellers ved behov.
  • 1 meter avstand til andre i bygget så lenge ein ikkje er i same hushald.
  • Host i albuen
  • Ver venleg og book i forkant. For at me skal ha kontroll på antal. personar i bygget, vil me helst i forkant vite kor mange som har booka (så slepp de ein bomtur 😉 ).
  • Me prøver å ha minst mogeleg folk i bygget (det er derfor fint om ikkje så altfor mange vert med som publikum utanom dei som skal fly).
  • Før og etter ein flyr må alle ta på antibac. Inne i luftkammeret ved vindtunnelen vil lufta bli bytt ut kontinuerlig, så det er det same som å sitte utendørs i vind.
  • Garderobar vil vera stengt, så ha på deg lette og ledige kle som du kan ha under flydressen (det er varmt inne i tunnelen).
  • Fylg og lytt til instruktøren.
  • Alt utstyr de låner vil bli vaska / i «karantene» i henhold til retningslinjer Norges Luftsportforbund har satt.

De kan booka på nett eller ved å senda ein e-post til post@vossvind.no.

Me sjåast!


Førstegongsflygar