Informasjon pro flyere sommar 2020, angåande covid 19

Her kjem litt informasjon angåande kva som gjeld for pro flyere i sommar 2020. Me gler oss til å fly med dykk! 😀

  • Er du sjuk, hald deg heime, avbestilling for slike grunnar er heilt i orden.
  • Det må vera avstand i bygget, 1 meter mellom dykk.
  • Host i albuen
  • Alle må bruke antibac plassert ved inngangen når de kjem. Det vil stå antibac rundt om på bygget også, og det er mulighet for å vaske seg på hendene.
  • Me ynskjer at coach og student skal ha sitt eige utstyr så langt det let seg gjera. Me har nokre dressar til utlån her, og det går an å låne hjelmar som er opne / briller. Me lånar ikkje ut heilhjelmar pr no. Dressane som vert lånt vert satt i karantene i 3 dagar, ref NLF, og hjelmane vil me vaske.
  • Kontaktsport er lov, det er derfor lov med FS / VFS
  • Både coach og student må desinfisere hender / evt hanskar rett før dei skal inn og fly, og når dei kjem ut att.
  • Betaling skjer med kort, og i forkant av flyging.
  • Ein må ha skifta til utstyret før ein kjem her, då garderobar er stengt. 
  • For å gå inn og ut av vindtunnelen brukar me airlock-dørene (slusene) for pro flyers.
  • Filmen då de akkurat har flydd vil rullere på skjermen inni antichamberet, ikkje ta på skjermen.
  • Pro flyer rommet vil vera open og tilgjengeleg for de-briefing.
  • Me prøver å ha færrast mogeleg på bygget, så ver venleg og kom rett før du skal fly.