04. januar 2021: Oppdatert informajon om covid-19 tilrådingar
Me vil gjerne halda ope, og for at alle skal vera trygge ynskjer me at alle fyl desse reglane hjå oss:
- Alle må ha på seg munnbind når ein er i bygget.
- Kom til ditt oppmøtetidspunkt, og ikkje før, slik at det til ei kvar tid er færrast mogeleg personar til stades.
- Begrens antal publikum som vert med for å sjå deg fly.
- Hald avstand og vask hender.
- Hald deg heime om du er sjuk eller har symptoma.
Ellers oppmodar me alle til å fylgje dei nasjonale retningslinjene og unngå unødvendige reiser i inn- og utland.
10. desember 2020: Oppdatert informajon om covid-19 tilrådingar
Me opnar opp att moglegheita til å booke flytid på nett! 😀
Som ein del av smittevernet hjå oss, så ynskjer me sterkt å tilrå dei som kjem frå «raude soner» i Norge, om å ikkje koma til oss før de har vore på Voss / sjølvpålagt karantene i 10 dagar. Les meir om anbefalingar frå Helsenorge her: https://www.helsenorge.no/koronavirus/jul/#hjem-til-julVoss tilrår munnbind om ein ikkje har moglegheit til å halda meir enn 1 meter avstand, så me ynskjer at alle brukar munnbind i bygget vårt.Utover dette har me eigne smittevernstiltak, og flyging hjå oss er trygt.Me gler oss til å fly med dykk!
25. november 2020: Oppdatert informasjon om covid-19 tilrådingar
Med dei forlenga restriksjonane, vil det ikkje vera mogeleg å tinge flytid på nettsida fram til 15.desember. Det er framleis mogeleg å kjøpe gåvekort.
6. november 2020: Oppdatert informasjon om covid-19 tilrådingar
Me fylgjer nasjonale og lokale tilrådingar for å bekjempe covid-19.
Ei anbefaling som gjeld for heile landet no er å unngå unødvendige innanlandsreiser, samt at alle i dei komande vekene i størst mogeleg grad skal halde seg heime og begrensa sosial kontakt med andre menneske.
Med bakgrunn i dette vil me kontakte alle som har tinga flytid hjå oss dei neste vekene og gje dykk tilbod om å endre tinginga. Har du spørsmål til tinginga di send oss gjerne ein epost på post@vossvind.no.
Det vil ikkje vera mogeleg å tinge flytid på nettsida vår fram til 1. desember. Det er framleis mogeleg å kjøpe gåvekort.
Me vil publisera oppdatering til tilrådingar om/når dette kjem.
Sjå regjeringa si pressemelding frå 5. november her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/-hold-dere-hjemme-ha-minst-mulig-sosial-kontakt/id2783763/
22.mai 2020: Oppdattert informasjon om covid-19 tilrådingar
Det er veldig kjekt å kunne dele at me opnar opp att, og me gler oss til å fly med dykk! 🙂
Me tek smittevern på alvor, og her er nokon av tiltaka me har når me opnar opp att:
- Om du ikkje føler deg frisk, gje oss ein lyd og hald deg heime (me er ikkje strenge på avbestillingsreglar i desse dagar).
- Bruk antibac / vask hendene når du kjem og forlet bygget, og ellers ved behov.
- 1 meter avstand til andre i bygget så lenge ein ikkje er i same hushald.
- Host i albuen
- Ver venleg og book i forkant. For at me skal ha kontroll på antal. personar i bygget, vil me helst i forkant vite kor mange som har booka (så slepp de ein bomtur 😉 ).
- Me prøver å ha minst mogeleg folk i bygget (det er derfor fint om ikkje så altfor mange vert med som publikum utanom dei som skal fly).
- Før og etter ein flyr må alle ta på antibac. Inne i luftkammeret ved vindtunnelen vil lufta bli bytt ut kontinuerlig, så det er det same som å sitte utendørs i vind.
- Garderobar vil vera stengt, så ha på deg lette og ledige kle som du kan ha under flydressen (det er varmt inne i tunnelen).
- Fylg og lytt til instruktøren.
- Alt utstyr de låner vil bli vaska / i «karantene» i henhold til retningslinjer Norges Luftsportforbund har satt.
De kan booka på nett eller ved å senda ein e-post til post@vossvind.no.
Me sjåast!