Freestyle nybyrjar konkurranse for proflygarar

VOSSVIND-SVERREHJORNEVIK-56114-Edit

Freestyle nybyrjar konkurranse under Noregsmeisterkapet i innandørs kroppsflyging 2019:

(ikkje offisiell NM grein)

Me inviterar til ein uhøgtideleg Freestyle nybyrjarkonkurranse i anledning Noregsmeisterkapet i innandørs kroppsflyging 2019. Dette er ikkje ei offisiell NM grein. Konkurransen er åpen for alle proflygarar.

Når

Laurdag 23. mars frå klokka 15:00 til klokka 17:00.

Innhald

Frirutine – du flyr eit sjølvvalgt program på 30 sekund. Dommarane ser på kroppsposisjon, originalitet og kor godt du utførar programmet ditt. Frirutine skal flygast to gonger.

Compulsory – dvs førehandsbestemte øvingar.

  • «Barrel roll» 360 grader
    • Start på magen i midten av flykammeret. Rull frå mage via rygg tilbake til mage.
    • Sjå video: Video 1552483
  • 360 grader sving på rygg
    • Start på rygg i midten av flykammeret med beina mot dommar (mot utgangsdør). Sving 360 grader på ryggen.
    • Sjå video: Video 1552483932
  • Begynn i midten av flykammeret – fly bort mot glas til høgre – start nede og fly opp langs glaset. Fly til venstre, start ved toppen av glaset og fly ned langs glaset.

Dommarane ser på presisjon, det vil seie kor presist du fullfører dette i forhold til beskriving.

Påmelding

Påmelding på epost til trude.sviggum@vossvind.no. Det kostar 300 kr per deltakar som skal betalast i resepsjon VossVind.

Premieutdeling

Hjå VossVind kl 17:30 laurdag 23 mars.

Vel møtt!