Førstegongflygar?
Førstegongflygar

Du treng ingen forkunnskapar for å koma og fly med oss. Alle nybegynnerpakkene våre omfattar instruksjon, leige av utstyr og ein instruktør som følgjer deg heile tida. Du må møte opp 40 minuttar før klokkeslettet du har bestilt flytid.

Den eldste som har flydd hjå oss er 100 år gamal, og den nedre aldersgrense er 5 år. Mange tenker at å fly i vindtunnell må vera ekstremsport, men det er det ikkje.

Det er heilt trygt. Det er berre frykteleg spennande!

Alle kan fly, uansett fysiske hemningar. Om du har spesielle behov, fortel oss om dei. Me får deg i lufta uansett!

Me anbefaler å booke i forkant.