06.11.20: Oppdatert informasjon om covid-19 tilrådingar

6. november 2020: Oppdatert informasjon om covid-19 tilrådingar

Me fylgjer nasjonale og lokale tilrådingar for å bekjempe covid-19.

Ei anbefaling som gjeld for heile landet no er å unngå unødvendige innanlandsreiser, samt at alle i dei komande vekene i størst mogeleg grad skal halde seg heime og begrensa sosial kontakt med andre menneske.

Med bakgrunn i dette vil me kontakte alle som har tinga flytid hjå oss dei neste vekene og gje dykk tilbod om å endre tinginga. Har du spørsmål til tinginga di send oss gjerne ein epost på post@vossvind.no.

Det vil ikkje vera mogeleg å tinge flytid på nettsida vår fram til 1. desember. Det er framleis mogeleg å kjøpe gåvekort.

Me vil publisera oppdatering til tilrådingar om/når dette kjem.

Sjå regjeringa si pressemelding frå 5. november her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/-hold-dere-hjemme-ha-minst-mulig-sosial-kontakt/id2783763/